Framlegging av rapporten frå Kjernekraftutvalet
Pressemelding | Dato: 13.03.2026 | Energidepartementet
Onsdag 8. april leverer Kjernekraftutvalet sin rapport til energiminister Terje Aasland. Rapporten tek for seg kjernekraft som mogleg energikjelde i Noreg. Etter pressekonferansen blir det arrangert eit fagseminar der utvalet går meir detaljert inn i arbeidet dei har gjort.
Pressekonferanse
Kjernekraftutvalet legg fram rapport
Sjå sendinga her
Tid: Onsdag 8. april 2026 kl. 09.00. Oppmøte for påmeldt presse frå kl. 08.30.
Stad: Marmorhallen, Kongens gate 18 i Oslo.
Påmelding: Presse må melde seg på ved å sende e-post til info@ed.dep.no innan tysdag 7. april kl. 16.00.
Ta med pressekort og gyldig id.
Presse som ikkje har høve til å vere til stades på pressekonferansen kan sende inn spørsmål til info@ed.dep.no med teksten «Kjernekraft» i emnefeltet. Avsendar-adressa må vere registrert hjå eit mediehus eller oppgi frilansoppdrag. Me kan ikkje garantere at det blir tid til å stille alle spørsmåla på pressekonferansen.
Fagseminar
Fagseminar med Kjernekraftutvalet
Sjå sendinga her
Etter pressekonferansen blir det arrangert eit fagseminar der utvalet går meir detaljert inn i arbeidet dei har gjort. Programmet for seminaret er tilgjengeleg her: Lenke til programmet.
Tid: Onsdag 8. april 2025 kl. 11.30-13.30. Oppmøte for påmeldte deltakarar frå kl. 11.00. Det vil bli servert enkel lunsj.
Stad: Marmorhallen, Kongens gate 18 i Oslo.
Her er programmet til fagseminaret.
Påmelding: Personar/organisasjonar som ønskjer å delta på seminaret må melde seg på ved å sende e-post til Heidi.Lundberg@ed.dep.no innan fredag 27. mars kl. 12.00. Me kan ikkje garantere at det er plass til alle, og kvar organisasjon kan delta med maksimalt to personar.
Både pressekonferansen og seminaret blir filma av Digitaliseringsorganisasjonen til departementa (DIO) og kan følgjast direkte på denne sida. Her kan også videofila lastast ned i etterkant. DIO distribuerer publiseringspunkt til media som vil sende arrangementet direkte. DIO kan kontaktast på telefon 22 24 88 45 eller e-post dio-lydogbilde@dio.dep.no.
Presse og andre aktørar som ønskjer å bygge nett-tv-sendingane inn på nettsidene sine finn embed-kode ved å trykkje «Del video»-knappen i videospelaren på sida.
Pressekontaktar er kommunikasjonssjef Arvid Samland, telefon 93 05 14 58, e-post arvid.samland@ed.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Jo Henrik Jarstø, telefon 99 55 75 23, e-post jo-henrik.jarsto@ed.dep.no.